Om Solveig Evelyn Hopland

Billed av kunsteneren Solveig Evelyn Hopland

Fødd i Ålesund i 1980. Vaks opp på vakre Hopland, ei lita bygd ved Panoramavegen mellom Stryn og Nordfjordeid. Bur og arbeider hovudsakeleg i Sykkylven og omegn på vestlandet.

I 2019 var det 15 år sidan ho bestemte seg for å bli kunstnar på heiltid, og feira dette med si hittil største utstilling i Holmbergs Gartneri, i Velledalen, Sykkylven. Der var utstillt omlag 80 måleri omgitt av busker og tre, med norske folke eventyr som ein raud tråd.

Solveig held den norske nasjonalromantikken og dei store kunstnarane frå renessanse-perioden nært hjartet. Den klassiske målarkunsten har alltid vore til begeistring og inspirasjon.

Også drøymande surrealisme har stor betydning for henne,  med tankar om det store perspektivet om vår eksistens, der ho kan legge inn sine eigne filosofiar omkring kva som er viktig i livet.

Kategoriar og stilart er imidlertid ikkje så betydningsfullt, berre ho kan uttrykkje indre visjonar med den teknikken som måtte passe, men hovudsakleg vel ho oljemåling på lerret eller plate.

Utdannelsen er 4 år på vidaregåande skule, innan tegning, form og farge, men mest autodidakt.

Måleria hennar er representerte i Sparebanken i Stryn, Velledalen Montessoriskule i Sykkylven, og i mange heimar rundt om i landet.

Billed av kunsteneren Solveig Evelyn Hopland

Eigne utstillingar

2019 Holmbergs Gartneri, Velledalen i Sykkylven

2017 Sykkylven Kulturhus, i samarbeid med Heidi Christin Josefsen. Sykkylven

2016 Stryn Kulturhus, i samarbeid med Heidi Christin Josefsen. Stryn

2014 Sybua, Straumgjerde i Sykkylven

2012 Gallery LilleMinx, Sykkylven

2011 Stryn Kulturhus, Stryn

2010 Gallery Elvetun, Sykkylven

2007 Stryn Kulturhus, Stryn

2006 Grieghallen, Bergen

2005 Bergen Storsenter, Bergen

2004 Stryn Kulturhus, i samarbeid med John-Tore Haugen. Stryn

Kollektivutstillingar

2019 Juleutstilling, Galleri 104, Sandane

2018 Påskeutstilling, Galleri 104, Sandane

2016 Utstilling i Den Brasilianske Ambassade i regi av Artcom Expo, Oslo.

2016 Sommarutstilling i regi av Artcom Expo i Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid

2015 Juleutstilling, Galleri Artifex, Ålesund

2013 Juleutstilling, Galleri Artifex, Ålesund

2013 Sommarutstilling, Galleri Mathilde, Skjåk

2013 Sommarutstilling, Galleri Artifex, Ålesund

2012 Sommarutstilling, Galleri Mathilde, Skjåk

2012 Påskeutstilling, Galleri 104, Sandane

2011 Sommarutstilling, Galleri Mathilde, Skjåk

2010 Sommarutstilling i Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid

2010 Sommarutstilling, galleri Mathilde, Skjåk Galleri Artifex, Ålesund

2009 Sommarutstilling, Galleri mathilde, Skjåk

Medlemskap

Artcom Expo International Association of Artists.